...

torsdag 31. januar 2013

Livsstilsendring





Så kom snøven her også Eg har ikkje hatt noko imot at den har holdt seg borte i vinter. Eg er avhengig av å gå mykje, og det er tusen gangar enklare når det ikkje er snøv og holke. Eg brukar piggsko, men synes joggesko er himmelsk. Har fått nokre kommentarar og mailer etter at eg fortalde om kostholdsendringa mi siste månedane. Folk vil vite kva eg gjorde for å bli bedre? Det er ikkje noko hokus-pokus historie. Eg leste nokre artiklar om at sukker tilførte betennelsar i kroppen næring (og kunne skape betennelsar) Eg bestemte meg for å prøve ut om eg klarte å kutte ut "synleg" sukker først. Eg har aldri levd veldig usunt, har trena masse siste fem åra og er opptatt av å halde kroppen i form. Men eg har nok aldri VERKELEG gjort mitt aller aller beste for å lykkast på mange områder på ein gang? Eit anna produkt som eg har fjerna frå kosten er kveitemjøl. Eg et det i enkelte ting innimellom, men ikkje til dagleg. Det var eit slit i starten, spesielt sukkerabstinensane held på å gjere meg tullerusk. Men etter tre veker var betennelsane i ryggen nesten borte, hodepina likeså. Etter dette kom energien tilbake, dei daglege smertene hadde nok ete meg opp innanfrå tidlegare. Eg får stadig høyre at eg har fått igjen glimtet i augene, eg føler det sjølv også. 

Kva eg et? Sunt :) Masse frukt og grønt, fisk, kylling, raudt kjøtt, kokte egg m.m. Har blitt heilt hekta på kiwi, appelsiner og gulrøtter. Masse vatn står sjølvsagt også på lista. Det å kunne gå ute og trene igjen, ser eg på som bedre enn å vinne i lotto. Eg var så fortvila i fjor, når eg vart sitjande og liggjande på sofaen, og ikkje kom meg ut. Mentalt er desse turane kjempeviktige for min del. Det er så godt å få friskluft og vere ute i naturen. Eg har framleis smerter. I dag etter å ha gått 6 km i laussnø, fekk eg verkeleg erfare at det er ikkje heilt bra alt baki ryggen der. Men ein må faktisk presse seg sjølv av og til for å kome vidare. Dette er ein beinhard kamp, som eg trur ein må ha prøvd for å forstå? Det er så enkelt å stå på sidelinja og vere verdensmester og gi andre gode råd, det er noko heilt anna å bli trykt til bakken gang etter gang, for så å reise seg igjen. Det er knalltøft! 

Neste veke ventar eige opplegg med ryggtrening på helsestudio. 
Eg er veldig spent på korleis det går? Har i alle fall tenkt å gjere mitt beste der også. Det blir nok tøft i starten, men som eg sa over her; ein må flytte på grenser innimellom. Gleder meg til vekene som kjem, og DET er den beste følelsen EVER! Og du; ein kan når som helst ta tak i livet sitt og gjere forandringar...
FINT, ikkje sant? :)



Elin


10 kommentarer:

  1. Helt fantastiskt Elin!
    Stor kram Anna

    SvarSlett
  2. A whiter than white world, how I love this!
    Bye,
    Marian

    SvarSlett
  3. Så utrulig flott å lesa at endringane har blitt ein suksess :)
    Og det er sant som du skriv; me er sjølv dei einaste som kan ta tak i livet vårt og gjera endringar i det.
    God tanke !
    Lukke til med treninga <3
    Vil ønska deg ein finfin kveld vidare :)
    Klem / Janne

    SvarSlett
  4. flink du er.... ein lærer av motgang.... stao no pao ;)

    Klems Diana.

    SvarSlett
  5. Så godt å høre at du har blitt bedre! Blir veldig glad for alle jeg hører om som blir bedre av den type livsstilendring. Selv spiser jeg sånn, men ikke av noen annen årsak at jeg har tro på at det er den beste behandlingen av kroppen min. Og kjenner til det du beskriver...krever litt å legge om. Men vi er i tillegg blitt mye flinkere til å lage god mat og variert mat....er jo så mye godt man kan kose seg med :)
    Stå på....og lykke til videre opp bakken :)
    Carina

    SvarSlett
  6. Så flink du er, skulle ønske jeg var det også. Trenger en dytt i baken =)
    Ønsker deg en flott helg!

    SvarSlett
  7. Det er som du skriver, alle kan når som helst ta tak i livet og gjøre endringer! Samtidig trur jeg at det er akkurat dette mange synes er det vanskeligste i hele verden! Jeg trur mye av svaret ligger i å tørre ta valg. Har vi først tatt et valg om f.eks endre kostholdet eller noe helt annet, er det som kommer etterpå lettere... Jeg leser dine ord og kan kjenne din smerte, men jeg vet ikke hvordan du har det...Jeg ønsker bare å si at jeg heier på deg! Det høres ut som du er på riktig veg!
    Klem Monica

    SvarSlett
  8. Kjempeflott :)
    Odrun Tenfjord

    SvarSlett
  9. Så bra at du har erfart at sukker og hvetemel ikke er bra for kroppen! Håper du får enda større framgang etterhvert som kroppen din kvitter seg med giftstoffer og betennelser! Lykke til videre! Del gjerne kostholdserfaringer videre også innimellom!

    Catje

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!